Informasjon om messa

Målet med dagen er å formidle kunnskap om meistringsteknologi til tilsette som jobbar for og med menneske med utviklingshemming i alle aldre.

Vi vil òg formidle informasjon til brukarane.

Kom å bli kjent med fagfeltet, så du sjølv kan legge til rette for bruk av tilgjengeleg teknologi for auka livskvalitet, sjølvstyre, likeverd, sjølvstende og inkludering.

Innhaldet i fagprogrammet har òg ein stor overføringsverdi til andre brukargrupper (ADHD, autisme, asperger og andre kognitive funksjonsnedsettingar).

Tilsette som jobbar med andre brukargrupper kan derfor òg få nytte av messa.

Messa har ingen avgrensing på antall plassar.
Lokalet er tilrettlelagt for alle grupper.

Følg også med på vår Facebookside for oppdatert informasjon om MTEKforalle 2026.

Det er ikkje behov for forhåndskunnskap om «bits and bytes», men ein nysgjerrigheit på kva som finst der ute og eit ønske om at dei ein yter tenester til, får tilgang til det dei har nytte og glede av.

Om du er ufaglært, faglært, pårørande eller berre interessert, alle vil få utbytte av disse dagene.

Utgangspunktet for messa er å lage noko for dei som gjev tenester i bustadar eller arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming, dei som jobbar i barnehage, skule, barnebustad eller avlasting, men vi trur òg at mange andre kan finne noko interessant!

Fagprogrammet består av to bolkar. Først møter du brukarar av ulik teknologi som fortel om sine erfaringar. Seinare på dagen møter du forskarar som fortel om teknologi som bidreg med forståing av brukarar.

Du kan få meir kunnskap og svar på spørsmål gjennom å gå rundt på utstillarområdet og utforske alle standane og snakke med dei som står der.

Messeområdet er ope for alle, og det er ope frå kl. 11.00 til kl. 18.00.
Du kan komme å besøke Fagtorget, utan å ta del i fagprogrammet.

Vi håper at brukarar, pårørande, skuleklassar, arbeidsplassar og andre benytter seg av denne moglegheiten.

 

Video (1 min.) frå Fagtorget MTEK i Asker 2020.

 

TVBRA har dekka konferansen i 2024 og 2025.
Her kan du sjå opptak fra 2025. (5 minutt)