Du er velkommen til messehallen, som er sjølve hjarte i dette arrangementet,
med moglegheit for å lære meir om dei ulike løysingane som vert presentert.
Det er over 20 forskjellige utstillarar så langt.
Du finner fullstendig oversikt under, med moglegheit for å klikke på den enkelte og lære meir.
Meistringsteknologimessa er også ein møteplass for brukarar, pårørande og fagpersonar - med rom for samtalar, utprøving av nye løysingar, dele erfaringar, lære nye ting, leike litt, utforske og ikkje minst prøve noko nytt. Vi har eit eige område med bord og moglegheit for å kjøpe noko å spise på, som skal innby til nettverksbygging.
Meistringsteknologimessa sin åpningstid:
Frå kl. 11.00 til kl. 18.00, onsdag 16. september, er det fri inngang på messeområdet for alle som har interesse av å lære meir om kva som finst av meistringsteknologi for utviklingshemma. Mange av løysingane fungerer òg godt for andre grupper – det kan vere personar med funksjonsvariasjonar eller demens.
Vi håpar å sjå brukarar, pårørande, elevar, lærarar, arbeidstakarar, arbeidsleiarar, gamle og unge.
Følg med på MTEK sin Facebookside eller denne nettsida, for å vere oppdatert på programforandringar og andre viktige opplysningar.
På standen møter du Leah Caroline Gamst, som jobbar med kognisjon og Tina Tjessem, som jobbar med kommunikasjon.
Abilia vil vise hjelpemiddel innan kognisjon, kommunikasjon og varsling. Produkta femnar eit breitt spekter frå hjelpemiddel på papir til digitale plattformar, og kor dei fleste løysingar er på avtale med NAV hjelpemiddelsentralen. Det vil vere mogleg å både sjå og prøve ut dei ulike hjelpemidla.
Abilia er eit internasjonalt hjelpemiddelfirma som utviklar, produserar og sel moderne hjelpemiddel for menneske med funksjonsnedsetting.
Hjelpemidla gjev moglegheit til auka sjølvstende og meistring i kvardagen, ved hjelp av digitale plattformar for støtte av tid og struktur, alternativ supplerande kommunikasjon og betening av ulike funksjonar i heimet med digitale og elektroniske løysingar.
AMAJO er ein norsk leverandør av sansehjelpemiddel.
På vår stand presenterar vi eit breitt utval av produkt designa for å stimulere sansane og fremme velvære og livskvalitet for personar med spesielle behov.
Oppdag eit univers av sansestimulering!
Vi inviterer deg til å utforske vårt sortiment av sansehjelpemiddel, som inkluderer alt frå beroligande tyngdeprodukter og interaktive boblerøyr til taktile leiker og skreddarsydde sanserom. Våre nøye utvala produkt er utvikla for å bidra til ein rolegare og meir strukturert kvardag, samstundes som dei stimulerer sansane på ein positiv måte.
Besøk vår stand og opplev forskjellen våre løysingar kan gjere.
Her møter du Loraine, Aslaug eller Tor Christian, som gjerne viser deg korleis våre produkt skapar betre kvardagar for både brukarar og omsorgspersonar.
Kontaktinfo: Tor Christian Gudmundsen
Sales Manager/Ergoterapeut
Telefon: 67 07 43 40/466 60 877 tor.gudmundsen@amajo.no
Boka til er ein enkel og trygg meldebok som gjev oversikt over dagsform, beskjedar og viktige overgangar mellom heim, skule og andre arenaar.
Den hjelper vaksne rundt barnet med å sjå mønster, forstå behov og møte barnet med meir ro og tryggleik.
Små observasjonar kan gjere ein stor forskjell. Boka til er laga for vaksne rundt barn og unge som treng tett oppfølging gjennom dagen – heime, på skulen, i SFO, avlasting eller bustad. Den gjer det enklare å dele viktig informasjon, sjå mønster over tid og møte barnet betre.
Dignio er leverandør i Noreg av elektroniske medisindispenserar og
digital heimeoppfølging. Dette leverer vi i ein og same plattform, Dignio Prevent.
Vår løysing gjer det lettare å følge opp pasientar i deira eigen heim. Enten det er
målingar som skal tas, medisinar som skal matast ut eller deling av informasjon– alt
kan styres frå det same administrasjonssystemet, Dignio Prevent. Det gjev
helsetenesta moglegheit til å følge opp fleire pasientar samtidig, utan at det går på
kostnad av kvalitet. Meir fridom og tryggleik til pasienten, og ein enklare kvardag for
helsepersonell.
Dignio leverer den elektroniske medisindispenseren Karie og den elektroniske
dosetten Mobili.
I Dignio har vi store ambisjonar.
Vi vil
• Gjere helsevesenet mindre avhengig av tid og stad
• Gje pasientane auka fridom og kunnskap om eigen helsesituasjon
• Betre pasientens etterleve og resultatar
• Gjere det mogleg for helsepersonell å hjelpe fleire pasientar med betre kvalitet
• Gjere helsevesenet smartare og meir berekraftig
Dignio har hatt pasientar på løysinga i over ti år, og har over 200 norske kommunar
på kundelista, i tillegg til ein rekke sjukehus. Vi er i dag til stede i fire land:
Storbritannia, USA, Island og Noreg. Spreidd over heile verda er vi i dag 60+ tilsette
som kvar dag arbeider for å utvikle ei løysing i verdsklasse.
På vår stand treff du Karoline Hurlen og Lars Schøyen salsteamet.
Ecura BPA har den siste tida arbeidd målretta med å skape Noregs framste kompetansemiljø for inkluderande speling. Inkluderende speling er kort forklart tilpasningar av speltitlar og -utstyr som bidreg til at alle som ønsker det kan spele, uavhengig av fysisk og/eller kognitivt funksjonsnivå.
I den samanhengen har vi no laga den dynamiske veilederen «Tilgjengeligheit i spelmiljø». 9 av 10 unge spel, men kva skal til for å tilrettelegge for funksjonshemmede? Deltaking i den digitale spelkulturen er viktig for å vere likeverdig i dagens samfunn. Veilederen er utarbeidd som eit første steg på å få fleire til å kunne delta.
Dokumentet er utvikla i samarbeid med KRED Noreg, E-sport Alliansen og Handicappedes Barn Foreldreforening, og endelig versjon vart lansert under Arendalsuka 2025. Veilederen finner dykk her: Veileder
På Mtek for alle vil August Estensen fra Ecura sammen med Ole Martin Pedersen Gjestad fra KRED Norge forklare nærmere korleis vi arbeider med dette i det daglege. Mikey Karlsen fra Ecura vil dele historiar om kva gaming har betydd for han gjennom ungdomstida og i fram til i dag.
Epilepsiforbundet er ein landsdekkande medlemsorganisasjon for menneske med epilepsi og pårørande. Med støtte frå våre medlemmer arbeider vi for ein betre kvardag og tryggare framtid med epilepsi.
Våre hovedarbeidsområder er politisk påvirknad for vår målgruppe og opplysningsarbeid gjennom kunnskapsformidling og rådgjeving. Vi arbeider kontinuerlig for å sikre best mogleg helsetilbod til alle som er rørte av epilepsi, og gjev derfor støtte til epilepsirelatert forsking.
Våre lokalforeiningar og nettverk er bygde opp av frivillige som ønsker å bidra lokalt i Noreg. Gjennom disse tilbys det ulike former for aktivitetar og arrangement for våre medlemmer. Dei frivillige spele òg ein sentral rolle i arbeidet med å spre kunnskap.
På standen møter du enten Hege, Liselotte, Frida eller Sofie.
Evondos-gruppen er Europas leiande leverandør innan automatiserte medisindispenseringssystem.
Evondos sin unike teneste gjev betydelege kvalitets- og kostnadsfordelar for helse- og omsorgstenester.
Tenesten gjer det mogleg for personar med behov for medisinsk behandling å få riktig medisin til rett tid og i riktig dose automatisk, noko som betrar pasientsikkerheit, og medisinsk etterleve og støtter sjølstendig liv i heimet.
Tenesten er basert på avansert teknologi, og består av ein medisineringsrobot som er installert heime hos tenestemottakar, med skybasert kontrollsystem og serviceelement.
Evondos-gruppen sysselset i dag totalt 300 fagfolk i Norden og Nederland, og betener titusenvis av brukearar dagleg.
På standen til HabTech AS treff du folk frå Øvre Eiker kommune.
HabTech AS har utvikla og driv appane; e-plan habilitering og e-talk ASK,
som begge er tilgjengeleg på AppStore.
HabTech AS vart stifta våren 2021 og har mål om å utvikle intuitive og individuelt tilpassa
digitale hjelpemiddel på allment tilgjengelege plattformar.
Løysingane er basert på habiliteringsfagleg kompetanse
kor tilrettelegging for meistring, motivasjon
og medvirking er prioriterte innsatsområde.
På denne standen treff du nokon av dei som jobbar med KnowMe, dei har mye erfaring og kjenner systemet godt.
Hjelpemiddelet KnowMe er utvikla for personar utan verbalt språk. Alle har rett til å forstå og verte forstått. Det handlar om verdigheit og medmenneskelegdom, retten til å kunne vere ein del av eit fellesskap og ta eigne valg.
Personane vi retter oss mot har ingen eller liten føresetnad for å lære og bruke anna etablerte ASK-hjelpemiddel, dei kommuniserer med eigne kroppsutrykk, gestar, blikk og lydar. Nærpersoner er viktige, du og andre som hjelper personen må ta dykk tid til å sjå, reflektere, tolke og gjere uttrykkene tilgjengeleg i KnowMe for at han eller ho skal verte sett og forstått kvar dag.
KnowMe tar vare på språket livet ut.
Målsetninga med kommunikasjonssystemet er å legge til rette og skape dei beste føresetnadane for at brukaren skal verte forstått på sine uttrykk. KnowMe krever ikkje at brukaren skal tileigne seg ferdigheiter eller kunnskap for å kunne bruke kommunikasjonssystemet. Vi tar utgangspunkt i det brukaren kan frå før, og personens uttrykk. Dette gjer det lettare for dei som har store kognitive utfordringar å ivareta god kommunikasjon og samhandling.
På standen til Medema treff du Knut Simen som gjerne vil vise deg eit spennande produkt for barn og voksne med utviklingshemming.
Tovertafel PIXIE er eit interaktivt spel som er med på å gje sensorisk stimulering, oppmuntre til bevegelse, støtte sosial og emosjonell utfordring, samt utfordre kognitive evner.
PIXIE er ein mobil variant av den velkjente Tovertafel, som gjev nye moglegheitar for brukarar og pårørande.
Her er heimesida kor du kan finne meir informasjon.
Dei har ansvar for fagområda: kognisjon, alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), varslingshjelpemiddel, sansehjelpemiddel og hjelpemiddel for rettskriving.
Dei er tilgjengelege for spørsmål rundt hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral i daglegliv, fritid og arbeid.
NorMedia er til stede og vi pratar gjerne med deg om våre program og produkt og bruk av Widgit-symbol.
NorMedia tilbyr løysinger for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), literacy og visuell struktur.
Løysingane bidreg til visuell universell utforming og støttar språkutvikling for alle, både for større klasser/grupper, ASK-språklege og personar med lese- og skrivevansker.
Våre hovedprodukt for utskrift er Widgit Online og InPrint 3. Widgit Go er ein kommunikasjonsapp med fleksibelt oppsett som kan tilpasses den enkeltes behov.
Programma er enkle å ta i bruk, og Widgit-symbolene følger som en rød tråd,
slik at dei same symbola vises på papir og skjerm.
Vi leverer òg ferdigtrykte papirprodukt med symbol, kommunikatorar, brytarar og anna kommunikasjonsutstyr.
Omhu er i dag ein solid leverandør av fag- og journalsystem, med ein stadig større krets av både private og offentlege kundar.
WeissTech AS vart etablert av Philip Aspholt Weisser i 2016. Prototypen til Omhu vart utvikla i dei 2 følgande åra og høsten 2018 var første versjon av fag- og journalsystemet klar for drift og sal. Philip knytta seg til eit stjerneteam av tilsette og rådgivarar for å strukturere firmaet og sikre den faglege forankringa.
Hans draum og visjon vart virkeleggjort ved hjelp frå blant anna Innovasjon Norge, Forskningsrådet, NTNU og Valdres Sparebank.
Omhu kvalitetssikrar ei kontinuerleg utvikling av verktøyet i samarbeid med utvalde pilotkundar, faglege rådgivarar og eigne tilsette med mange års bakgrunn frå ulike helse- og omsorgstenester.
Med fag- og journalsystemet Omhu oppnår du:
Ein tryggere og meir stabil kvardag for tenestemottakarane. Systemet legg til rette for aktiv støtte og ein personfokusert praksis.
Auka livskvalitet og mindre uønska adferd.
Auka meistring og føreseielegheit som gjer kvardagen betre for både tenestemottakarar og dei tilsette.
Ein reduksjon på antall system. Ved å forenkle og automatisere tunge administrative oppgåver vert det meir tid til fag og reell omsorg.
Føreseielegheit, oversikt og enkel administrering fører til meir kostnadseffektive tenester.
På standen vil du møte …… kan fortelje deg meir om modellen, om ulike verktøy kommunen kan bruke, eller om tilskuddsmiddel kommunen kan søke for å starte med TryggEst.
Trygg-Grunn VR er eit konstandseffektivt og enkelt VR-system. Brillene kan raskt brukast når ein ønsker eller treng opplæring, øving eller når trening skal gjennomførast.
Trygg-Grunn VR har lav brukarterskel og krev hverken wifi, kontrollarar, PC eller kablar.
Alt man treng kjem i ein enkel berbar beskyttelseskoffert.
Alt dette gjerest tilgjengeleg slik at den enkelte får riktig innhald som kan opplevast når og kor som helst.
Opplæring og trening kan gjennomførast på eigne premissar, tilpassa alle sin kvardag når det er tid eller behov for det.
På standen vil vi vise fram kva løysingar vi har vore med å lage samen med eit allsidig utval kundar.
Trygg-Grunn har også eit eige forum som er ope for alle interesserte.
På denne standen treff du Emilie, psykolog og PhD-cand ved Institutt for Klinisk medisin, Universitetet i Oslo. Emilie har lang erfaring med barn og vaksne med store kommunikasjonsvanskar. Ho har dei siste fire åra jobba med forskningsprosjektet “Forstå meg!”, og dei leier no vidare utvikling av systemet.
NÅR SMERTE IKKJE OPPDAGAST
Nokre menneske med store språkvanskar klarar ikkje formidle at dei har vondt. Dette kan gjelde menneske med alvorlege utviklingsforstyrring, ofte med samtidig cerebral parese og psykisk utviklingshemming. Det kan òg gjelde menneske med ervervede hjerneskadar og alvorlege demenstilstandar.
Nokon vert gjennomblaut av sveitte innan smerta oppdagast. Når du er gjennomblaut av sveitte så har du hatt ekstremt vondt over lang tid. Vi bør klare å fange opp smerta lenge lenge før.
I «Forstå meg!» brukar vi puls saman med kontekst for å gje ein stemme til personar utan eintydig språk. Dei fysiologiske parameterane, i samanheng med kontekst registrert av pleiarar og omsorgspersonar, utgjer eit dynamisk alarmsystem for smerte og stress.
“Forstå meg!” gjev menneske utan eintydig språk ei stemme – Eit skritt mot å gje dem den omsorga og oppmerksomheita dei fortener.
FORSTÅ MEG BIDREG TIL BETRE OMSORG
Tidlege data frå ein pågåande studie viser at «Forstå meg!»-systemet verkar å kunne avdekke smerte som tidlegare har gått ubemerka. Dette ved t.d. spesifikke bevegelsar, feil bruk av utstyr, og akutt smerte som skyldast klemming eller trykk. Rapporter generert frå
innsamla data har så langt vist seg å vere til hjelp for å tilpasse omsorg og lindre smerte. (Funnene er ein del av en pågående studie og må ikke reknast som fullverdige forskningsresultatar, då endelege resultatar vil publiserast i fagfellevurdert tidsskrift når studien er ferdigstilt).
VIDERE UTVIKLING
Emilie og kollegaar vart nyleg tildelt middel frå Universitetet i Oslo for å gjere systemet dei forskar på om til ein app slik at teknologien vert meir tilgjengeleg. Appen vil automatisk generere rapportar om pulsmønster og deres samanheng med kontekstuell informasjon over tid. Den vil dermed gje innsikt i mønster av stress og smerte som tidlegare var ukjent.
Systemet muliggjer skreddarsydd omsorg, og gjev moglegheit til å evaluere endringar gjennom før- og etterdata.
Kontaktinformasjon:
E-post: eskildal@uio.no
Men du kan også kontakte:
Emilie Meyer Bull PhD i klinisk medisin og psykolog
KGJ Senter for utviklingsforstyrrelser – Universitet i Oslo
Nevrohabiliteringen – Oslo Universitetssykehus
Tlf: 45481949
Vitalthings er eit norsk helseteknologiselskap som utviklar løysingar for tryggare og meir verdige netter – for både brukarar og tilsette.
Våre kontaktløse sensorar gjev kontinuerleg innsikt i søvn, pust og uro, utan bruk av kamera eller kroppsbårne sensorar.
Dette gjev auka tryggleik og mindre forstyrring for beboarar, samstundes som det frigjer tid og gir tilsette betre oversikt.
Løysingane våre er utvikla i nært samarbeid med helsepersonell og er allereie i bruk i over 40 norske kommunar.
Resultatane viser redusert behov for nattlege fysiske tilsyn, betre ressursutnytting og auka kvalitet i oppfølginga.
Vitalthings kombinerer brukarvenlegheit og medisinsk presisjon i løysingar som kan skalerast og tilpassast ulike omsorgsnivå.
Vår teknologi er òg godt egna for bu- og habiliteringstenester, kor behovet for tidleg oppdaging og redusert belasting er særleg stort.
Nicolai Welfler, løysingsspesialist på kommunal sektor, er på standen.
Vi ønsker å lage ein stand som kan dele informasjon om korleis bruke smarttelefonar, nettbrett og anna informasjonsteknologi på ein trygg måte,
også for utviklingshemma.
Vi har vore med og laga ein lettlest brosjyre om nettvett, men ting er stadig i forandring og utvikling,
så her må vi vere på.
Standene vil vere betent heile tida, hvis ikke vil det stå informasjon på standen om når den er betent.
Vi håper mange vil benytte seg av denne unike moglegheita til å sjå og prøve ut forskjellege typer av meistringsteknologi.
Under kan du sjå eit eksempel på ein teknologi som gjev mange nye moglegheitar, nemlig VR eller 360-video.